Mine beste oppskrifter

Makrell i tomatFisk

Posted by Margrete 05 Apr, 2018 22:00:30

Når makrellen bit vert det fort storfangst, og dette er ein super måte å bruke fangsten på. Det som ikkje verte ete med ein gang kan frysast i passe store bokser.

Sett steikeomnen på 200 grader.

Du treng ca 7 makrellar som fileterast og er utan bein, kjenn over med fingrane at alle bein er ute og skjær vekk alt som er hardt.
Fordel 1 dl olivenolje i ei langpanne og legg makrellfiletane med skinnsida ned.

Rør saman
3 dl tomatpure (3 små hermetikkbokser a 140 g)
2 dl vatn
3 ts peppar
1 dl ketchup
6 ss sukker
5 ts salt
3 ss hakka frisk basilikum, grasløk og persille

Fordel tomatsausen over makrellfiletane og dekk langpanna med aluminiumsfolie.
Steik midt i omnen i 25 minutt på 200 grader, ta av aluminiumsfolien og steik vidare i 10 minutt til. Avkjøl og legg over i passande bokser.

Gulrotkake i kakeformKaker

Posted by Margrete 05 Apr, 2018 21:59:25

4 egg
3 dl sukker
3 dl kveitemjøl
2 teskeier natron
2 teskeier kanel
1 teskeier salt
1 teskeier vaniljesukker
½ dl olje
4-5 dl rivne gulrøter

Set steikeomnen på 190 grader.
Steiketid 50-60 minutt.

Pisk egg og sukker til eggedosis (luftig og nesten kvit.) Rør inn mjøl, krydder og natron først og etterpå olje og rivne gulrøter. Smør godt ei kakeform, og hell i røra. Steik i ca 50-60 min på 190 grader, nedst i omnen. Kaka er ferdig når den losnar frå kantane på langpanna, eller stikk med ein strikkepinne i kaka for å sjå om det heng fast rå deig. Losne kake frå forma og avkjøl på rist, legg kjøkkenhandkle over. Mens kaka vert avkjølt tek me til med glasuren.

Glasur:
200 gram smørjeost, for eksempel Philadelphiaost
1 ts vaniljesukker
50 gram smelta smør
250 - 500 gram melis (½-1 pakke)

Rør saman glasuren, bruk gjerne miksmaster eller kjøkkenmaskin. Kaka bør vere ganske avkjølt før ein smørjer utover glasuren, legg handa på og kjenn at kaka ikkje er over handvarm. Smør glasuren utover toppen av kaka, dryss på appelsinkuler eller anna passande pynt om du vil. Glasuren er flytande ei stund, alt etter kor mykje melis du har rørt inn i glasuren.



Gulrotkake i langpanneKaker

Posted by Margrete 05 Apr, 2018 21:58:53

Stor oppskrift på gulrotkake til langpanne

8 egg
6 dl sukker
6 dl kveitemjøl
4 teskeier natron
4 teskeier kanel
2 teskeier salt
2 teskeier vaniljesukker
1 dl olje
8-10 dl rivne gulrøter

Set steikeomnen på 190 grader.
Steiketid ca 30 minutt.

Pisk egg og sukker til eggedosis (luftig og nesten kvit.) Rør inn mjøl, krydder og natron først og etterpå olje og rivne gulrøter. Legg bakepapir i botnen av langpanna, eller smør den godt med margarin, smør eller olje. Hell i røra. Steik i ca 30 min på 190 grader, nedst i omnen. Kaka er ferdig når den losnar frå kantane på langpanna. Sett langpanna på rist for avkjøling - det er ikkje naudsynt å ta kaka ut av langpanna. Legg kjøkkenhandkle over og lat den stå til avkjøling. Mens kaka vert avkjølt tek me til med glasuren.

Glasur:
400 gram smørjeost, for eksempel Philadelphiaost
2 ts vaniljesukker
100 gram smelta smør
500 - 1000 gram melis (1 - 2 pakkar)

Rør saman glasuren, bruk gjerne miksmaster eller kjøkkenmaskin. Kaka bør vere ganske avkjølt før ein smørjer utover glasuren, legg handa på og kjenn at kaka ikkje er over handvarm. Smør glasuren utover kaka, dryss på appelsinkuler eller anna passande pynt om du vil. Glasuren er flytande ei stund, alt etter kor mykje melis du har rørt inn i glasuren.



Brownies i langpanneKaker

Posted by Margrete 05 Apr, 2018 21:58:22

Sett steikeomnen på 175˚steiketid 30-40 minutt.

6 egg

9 dl sukker

450 gram smelta margarin

9 dl kveitemjøl

2 teskeier bakepulver

2 spiseskeier vaniljesukker

12 spiseskeier kakao

Pisk eggedosis av egg og sukker, stiv og nesten kvit.

Smelt margarin på svak varme, avkjøl litt og rør inn i eggedosisen.

Leit fram langpanna. Pensle kakeforma med smelta margarin, du kan bruke av det som vert smelta til kakerøra. Eller legg bakepapir i forma. Du kan også bruke matpakkepapir i forma og pensle det med smelta smør.

Mål opp mjøl, bakepulver, vaniljesukker og kakao og rør inn i eggedosisblandinga. Rør vert fast og ganske tung å røre for hand. Tøm kakerøra i forma. Vent til steikeomnen er varma opp til 175˚. Sett langpanna midt i omnen og steik kaka i 30-40 minutt. Ta ut av omnen og sett på ei rist. Avkjøl kaka i forma, skjær opp og legg på fat. Om du ikkje treng alt på ein gang kan du fryse resten.



KvikklunsjkakeKaker

Posted by Margrete 05 Apr, 2018 21:57:44

Luftig sjokoladekake i langpanne med lys krem. Super til barneselskap!

Set steikeomnen på 180 grader. Steiketid 25-30 minutt.

4 egg
5 dl sukker
275 g smelta smør
2 dl mjølk
7,5 dl kveitemjøl
4 ts bakepulver
4 ts vaniljesukker
4 ss kakao

Pisk egg og sukker til eggedosis (luftig og nesten kvit.)
Smelt smøret og avkjøl det litt. Hell smøret i eggedosisen og rør med ei sleiv.
Mål opp mjølk og rør inn.
Mål opp kveitemjøl, bakepulver, vaniljesukker og kakao og rør inn.

Smør godt ei langpanne med smelta smør eller legg bakepapir i forma. Hell i røra. Steik i ca 25-30 min på 180 grader, nedst i omnen. Kaka er ferdig når den losnar frå kantane på langpanna, eller stikk med ein strikkepinne i kaka for å sjå om det heng fast rå deig.
Sett langpanna på rist for avkjøling - det er ikkje naudsynt å ta kaka ut av langpanna. Legg kjøkkenhandkle over og lat den stå til avkjøling. Mens kaka vert avkjølt tek me til med kremen.


Krem:
Oppskrifta på krem kan doblast om du vil.
3 ss kald kaffi (Om du ikkje har kald kaffi så kok opp 1 dl vatn og trekk gryta av plata. Tilsett 1ss kaffipulver og la det avkjøle i 10 min. Mål opp med skei kaffien du skal bruke i glasuren).
150 g smør
1 1/2 ss kakao
1 1/2 ts vaniljesukker
300-400 g melis

Rør saman alle ingrediensane til kremen er lys, det vert best resultat med kjøkkenmaskin. Kaka bør vere ganske avkjølt før ein smørjer utover glasuren, legg handa på og kjenn at kaka ikkje er over handvarm. Dryss på pynt om du vil, for eksempel strøssel eller kokos. Gjer dette med ein gang du har hatt på kremen, elles vert pynten laus.

Kaka kan frysast. Om du skal ta med kake til dugnad eller skuleavslutning kan du legge kakestykka på eit pappstykke som du kler med aluminiumsfolie, så slepp du å leite etter fatet når festen er slutt.



Brente mandlarIs og dessert

Posted by Margrete 05 Apr, 2018 21:51:10

1 dl mandlar
1 dl sukker
1 dl vatn

Om du vil lage større porsjon vert resultatet best om du lagar ein porsjon om gangen!

Kok opp vatn, sukker og mandlar i ei steikepanne. Bruk over middels varme, her er bruk stille 6 av 9 på komfyren. Du treng ikkje å røre så mykje enno.

Kok til mandlane vert dekte av tørr sukkermasse. No må du røre i blandinga heile tida, og steik vidare på same varme til sukkeret smeltar og vert karamelle.

Avslutt når du synest fargen er passe brun. Steiker du for lenge smakar det brent.

Tøm dei brente mandlane utover eit bakepapir eller smurt bakeplate for avkjøling. Marte brukar silikon bakepapir som kan brukast mange gangar. Sprei mandlane godt utover slik at det ikkje vert store klumpar som det er vanskeleg å ete.

Fyll dei brente mandlane over i eit tett glas eller boks så snart dei er avkjølte, då unngår du at dei vert klissete.




KaramellpuddingIs og dessert

Posted by Margrete 05 Apr, 2018 21:50:27

2 dl sukker til glasering av forma
1 vaniljestong
6 dl H-melk. Du kan bruke 6 dl laktosefri melk om du vil ha stivare pudding.
3 dl kremfløte
6 ss sukker
6 egg

Framgangsmåte:

Bruk ei 1½ liters avlang brødform. Hugs å ha rett storleik på forma.
For å finne form med rett storleik måler ein opp 1½ liter vatn og tømer det i forma. Dersom dette når opp til kanten er forma på 1½ liter.
Alternativt kan puddingen lagast i porsjonsformer eller anna form. Ved anna storleik på forma må ein omrekne og tilpasse oppskrifta.

Glasering av forma:
Sett den største plata på komfyren på middels varme. Sukkeret vil smelta litt ujamt i forma, så rørt med ei tresleiv til sukkeret er heilt smelta.
Lyft vekk forma frå plata om karamellen vert for varm og bobla mykje. Lat forma stå på plata til sukkeret er gyllenbrunt, tak forma av plata. Forma og karamellen vert svært varm, bruk tjukke gryteklutar.
For å glasere forma med karamellen vender du på forma, dekk ei side på forma om gangen. Vend forma vekk i frå deg for å unngå brannskade. Snu og vende på forma til karamellen er så kald at den stivnar, og alle sidene dekte.

Puddingen: Snitt vaniljestanga på langs. Legg den opne vaniljestonga i ei gryte, slå over oppmålt heilmjølk, fløte og sukker.
Det er viktig å bruke heilmjølk, for med lettmjølk eller skummamjølk vert ikkje puddingen stiv nok.
Kok opp blandinga, ta gryta av plata når blandinga kokar.
Pisk egga lett saman med ein gaffel. Eggeblandinga treng ikkje å vere heilt jamn, då er det lite luft som vert piska inn i blandinga.
For å unngå at puddingen vert ”nålete” (pipete) var det viktig å ikkje piske egga for mykje.

Ta opp vaniljestanga frå mjølkeblandinga og skrapa ut vaniljefrøa inne i stanga.
Visp den litt avkjølte mjølkeblandinga med visp medan du slår ein tynn stråle av dei piska egga ned i blandinga. Sil blandinga over i den glaserte forma.
Lat forma stå i 10 minutt før den skal inn i omnen, røra får då tid til å sette seg og det forhindra luftbobler (piper).



Steiking: Sett omnen på 125 ºC. Fyll langpanna ¾ med varmt vatn frå springen. Sett langpanna inn i steikeomnen på nedste rille. Sette forma inn i varm omn og still tidsuret på 90 minutt.
Etter 90 minutt skal puddingen vere lys brun på toppen. Kontroller at puddingen er ferdig ved å stikke ein kniv ned i puddingen og sjå at den er fast. Det skal ikkje vere flytande blanding ved kniven når du trykkjer kniven til tilsides.
Ta ut forma og set den til kjøling.

Puddingen kan lagst fleire dagar før den skal serverast.
Losne puddingen rundt kanten med ein spiss, liten kniv. Legg eit fat med kant over forma og snu raskt.



Karamellen i forma har no vorte til karamellsaus. Dersom det sit karamell fast i forma kan ein koke det ut med litt vatn. Puddingen kan serverast med karamellsaus på fatet. Om ein ynskjer kan ei pynte med stivpiska krem, eller servere puddingen med piska krem i ei skål ved sida av. Om ein vil, kan ein blande karamellsaus inn i kremen.



Heimelaga is med sjokoladebitarIs og dessert

Posted by Margrete 05 Apr, 2018 21:44:17

Fyldig og god is, og du kan tilsette smaken du likar best. Du treng ikkje ismaskin eller å røre i isen medan den stivnar om du gjer det på denne måten:

Sett 3 dl sukker i frysaren over natta.
Hakk 1 plate mørk kokesjokolade.

Pisk 6 eggeplommar med 3 dl frose sukker til luftig eggedosis, bland inn den hakka sjokoladen og sett blandinga i frysaren.

Vask vispen grundig og bruk rein bolle når du stivpiskar 6 eggekviter. Fortsett å piske i 15 minutt etter at eggekvita er stiv. Sett skåla med den stivpiska eggekvita i frysarane.

Stivpiskar 6 dl kremfløte.
Hent eggedosis og eggekvita frå frysaren og bland alt. Hell over i fine skåler, dekk med folie og frys.
Isen vert stiv is på nokre timar og kan holde seg i frysaren i om lag 2 månader.
Ta ut isen om lag ein time før den skal etast og sett den til tining i kjøleskapet.

Her er det heimelaga is i heimelaga skål som er pynta med sommarblomster.